Basic Fjordsafari
RIB-tur langs stupbratte fjellsider og veglause grender
Basic fjordsafari (90 min)
Pris frå kr. 990,- inkl. mva per pers.
(Gruppebestilling eller booking på oppsette tider)
Sesong heile året. Turen gjennomførast berre dagslys.
Fjordsafari med RIB innom Herand, Fyksesund og Kvamsøy.
Fyksesund er einaste sidefjorden i Hardangerfjorden utan veg til indre del av av fjordarmen. Dei siste 5 km av den 10 km lange fjordarmen går mellom bratte fjellsider til den veglause grenda Botnen innst i fjordarmen.
Etter påkledning vert da ein kort gjennomgang av sikkerheit.
Under turen vert da fleire stopp tett opptil land for å oppleve naturen og livet langs fjorden, samt litt historie frå dei ulike plassane på turen. Det gjeld å ha fotoapparat lett tilgjengeleg.
Tvers over Hardangerfjorden går turen innom den gamle handelsstaden Herandsholmen før me kryssar nordover og går inn i den eventyrleg vakre fjordarmen Fyksesund.
Returen går via Kvamsøy og Tjuvaholmen på veg tilbake.
