PERLA I HARDANGER

Nordaust i enda av Hardangerfjorden, blant bratte fjell og vakre frukthager, ligg bygda Ulvik og ventar på deg. Ulvik byr på vakre omgjevnader for ei minneverdig norsk fjoredoppleving, og Hardangerfjord Adventure inviterer deg til å utforske fjorden med båt. Vår sesongbase for RIB-turar (mai–september) ligg på det idylliske og ærverdige Brakanes Hotel, som ligg ved fjordkanten i hjartet av bygda.


I Ulvik kan du oppleve sjarmen i ei koseleg norsk fjordabygd, med tilbod som daglegvarebutikk, postkontor, bensinstasjon, restaurant, kafe og ikkje berre ein, men tre kjende sidergardar langs den lokale "frukt- og sider-ruta".


Ulvik kan nåast med offentleg transport (55-70 minutt frå Voss sentrum), men denne bortgjemte perla har ikkje mange daglege avgangar, så den er best tilgjengeleg med bil frå andre bygder i regionen som Voss (45 minutt), Eidfjord (30 minutt) eller Kinsarvik (35 minutt).


Ulvik på Google maps

KOMANDE TURAR

(neste 10 dagar)

ALLE RIB-TURAR FRÅ ULVIK

(Sesong mai – september)