Hardangerregionen har ein typisk vestlandsvinter med mykje nedbør, som gjev snørike vintrar i fjellet. Om vinteren kan også fjordbygdene få periodar med mykje snø. Snøtilhøva i fjellet legg til rette for ein lang sesong med ski- og trugeturar og mange vakre vinterlandskap.