Hardanger er området som omkransar Hardangerfjorden og startar ytterst i vest med kommunen Kvam. Fjella i Kvam er kjend for flotte toppturar med panoramautsikt i kombinasjon med fjordutsikt. Rundt tettstadane Øystese, Norheimsund og Tørvikbygd ligg toppar som er populære blant lokalbefolkninga, og med god grunn siden desse spektakulære turane har flott utsyn over Hardangerfjorden og Folgefonna.
I Kvam utfører me guida topptur med lokalkjende guidar til blant anna Tørvikanuten, Vesoldo, Tveitakvitingen, Byrkjefjell, Geitafjell, Torefjell, Skrott, Manfjell, og Fagraseteeggi - Alle med topper på 1000-1350 moh. Alle våre toppturar er skreddarsydd etter gruppas ønskjer, ferdigheiter, behov og dagsaktuelle høve teke omsyn til snø og skredfare.
Kvar guide ta med seg eit følgje på 6-8 personar, og me går aldri meir enn to følgjer saman på tur.
Kvifor gå topptur med oss?
Foruten at me har gode lokale guidar så skreddarsyr kvar tur for di gruppe. Me kan også alt rundt toppturen og me tilby all-inclusive konsept der mer ordnar med overnatting, måltid, transport, sidersmaking, RIB-tur og utstyr etc. Sjekk også ut våre datosatte toppturweekender. Ta kontakt utover desse helgene for eit tilbud.
Leige av utstyr
Me leiger ut topptutstyr (randonèe) og skredutstyr etc. Me anbefaler å booke dette på forehand når du skal på tur med oss då dette verta fullbooka gjennom sesongen. Alle som er med på våre guida turar med oss får ein spesial-pris på leige av skredutstyr ved online booking av toppturar.
Inkludert
Sikkerheitsreglar
Du er pliktig til å lese våre sikkerheitsreglar for å delta våre turar.
Turen vert avlyst ved uforsvarleg dårleg vær og føre. Det vert gitt full refusjon ved slik avlysning!
Priser per dag
Per guide: NOK 6,900
Toppturpakke randonné: NOK 990
Skredutstyr: NOK 990
(per person)
Varigheit og starttidspunkt
Avhengig av toppen og ruta
Sesong
Januar til mai
(avhenger av snøforhold)
Kapasitet
6-8 personer per guide
(avhengig av gruppa si homogenitet)
Aldersgrense
12 år
Krav til deltakarar
- God erfaring med alpinski eller fjellski
- I god form for ein lang fjelltur
- Brukar anten randonnée-ski, telemark-ski eller splitboard
Telefon: +47 932 04 417
E-post: post(at)hardangerfjord-adventure.no
Organisasjonsnummer: NO922045992MVA