Vinterturar i fjellet

med Hardangerfjord Adventure

 
Hardanger er området som omkranser Hardangerfjorden og starter ytterst i vest med kommunen Kvam. Fjella i Kvam er lett tilgjengelig og tilbyr flott utsikt over fjorden og Folgefonna.
Rundt tettstedene Øystese, Norheimsund og Tørvikbygd ligger topper som er populære blant lokalbefolkningen, og med god grunn siden disse spektakulære turene har flott utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna. 
 

Me tilbyr guidet toppturar på ski frå februar til og meg midten av mai. Sjekk oppsette turar under kalenderen på kvar aktivitet.

Om du ikkje finn noko tidspunkt eller tur som passer så ta kontakt så finn me ei løysing saman!

Toppturhelg i Hardanger (2 dager)

Bli med på ei helg med skikøyring frå fjell til fjord med lokal mat og drikke i godt lag! To dager med topptur (Oksen og Torefjell) og to overnattinger på hotell med heilpensjon.

Hardanger flotte landskap ynder til variert og artig skikøyring. Her finn ein høge og bratte fjell som stuper rett ned i fjorden og dramatiske og trange fjordarmer. Dette er turen for deg som er glad i topptur, nydeleg kortreist mat og sterke naturopplevingar!

Pris frå kr. 6.290,- inkl. mva per pers.

(Bestilling på oppsette helger eller gruppebestilling ved førespurnad)

Vårhelg i Hardanger med topptur(2 dager)

Bli med på ei helg med skikøyring frå fjell til fjord med lokal mat og drikke i godt lag!

Inst i Hardangerfjorden ligg fjellet Onen (1621 moh) som er det høgste fjellet i indre deler av Hardanger med foten i fjorden. Denne ruten til Onen er kun tilgjengelig med båt og dette blir ei tur du seint vil gløyma!

Dette er turen for deg som er glad i topptur, nydeleg kortreist mat og sterke naturopplevingar! To overnattinger på hotell med heilpensjon.

Pris frå kr. 5.890,- inkl. mva per pers.

(Bestilling på oppsette helger eller gruppebestilling ved førespurnad)

Fjordsafari og guida topptur ski – Oksen (8 timar)

Kombinert RIB-tur og topptur på ski til ein av Hardanger sine flottaste toppar.

Frå Oksen har ein storslått panoramautsikt over heile Hardanger og utsikt over fire fjordarmar. Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og til fjellområda på Voss og i Hardanger. Er det klarvær kan ein og sjå både isbreen Folgefonna og Hardangervidda med Hardangerjøkulen sin unike formasjon.

Pris kr. 2.090,- inkl. mva per pers.

(Bestilling på oppsette påmeldingsturar eller gruppebestilling ved førespurnad)

Fjordsafari og guida topptur ski – Onen (10 timar)

Kombinert RIB-tur og topptur på ski til det høgste fjellet i indre deler av Hardanger med foten i fjorden.

Her er det stupbratte fjellsider omgitt av fjordarmene til Simadalsfjorden, Eidfjord og Osafjorden. Rutevalget vårt til Onen er kun tilgjengelig med båt og dette blir ei vårtur du seint vil gløyma!

Pris kr. 2.490,- inkl. mva per pers.

(Bestilling på oppsette påmeldingsturar eller gruppebestilling ved førespurnad)

Guidet topptur ski – Vesoldo/Tørvikenuten (4 timar)

Rett ovanfor Tørvikbygd ligg tvillingtoppane Tørvikenuten (1038 moh) og Vesoldo (1046 moh).Tørvikenuten gir eit flott utsyn rett ned i Hardangerfjorden og innover Hardanger, mens Vesoldo gir meir langstrakt utsyn utover Hardangerfjorden.

Oppstiginga gtil begge toppane går i same trasè opp til om lag 900 moh der me vel den toppen som passer best utifrå vèr og  føre.

Pris kr. 990,- inkl. mva per pers.

(Bestilling på oppsette påmeldingsturar eller gruppebestilling ved førespurnad)

Guidet topptur ski – Torefjell (4 timar)

Oppe i fjellet mellom Norheimsund og Øystese ligg Torefjell (1050 moh), ein lett tilgjengeleg skitopp med start på Sjusete langrennstadion. Toppen gir eit vidstrakt utsyn over Hardangerfjorden og Folgefonna. Ei morsom nedkøyring med flott utsikt over fjorden hele veien. 

Pris kr. 890,- inkl. mva per pers.

(Bestilling på oppsette påmeldingsturar eller gruppebestilling ved førespurnad)

Guidet topptur ski – Skrott (5 timar)

Oppe i Fitjadalen nord for Øystese ligg fjellet Skrott (1320 moh). Fjellet byr på til dels bratt oppstigning og den definerte toppen gir eit fantastisk utsyn over Fitjadalsvatnet og Hardangerfjorden. 

Terrenget fra toppen og ned til skoggrensa innbyr til variert og kreativ skikøyring!

Pris kr. 990,- inkl. mva per pers.

(Bestilling på oppsette påmeldingsturar eller gruppebestilling ved førespurnad)

Guidet topptur ski – Manfjell (5 timar)

Mellom Fitjadalen og fjordarmen Fyksesund ligg fjellet Manfjell (1263 moh) som gir eit flott utsyn til store delar av Hardanger!

Variert og fin nedkøyring ned om lag 1000 høgdemeter i ett der ein har Hardangerfjorden i sikte nesten heile vegen.

Pris kr. 990,- inkl. mva per pers.

(Bestilling på oppsette påmeldingsturar eller gruppebestilling ved førespurnad)

Gi bort eit gåvekort på unike opplevingar

Er du på leiting etter den perfekte julegåva? Eit gåvekort på ei oppleving med Hardangerfjord Adventure byr på eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden, og er ei unik gåve som passer til alle!

Eit gåvekort på opplevingar gir minner som varar! Nyt den flotte naturen i Hardanger.

Verdiar gåvekort kr. 250,- / 500,- og 1.000,-

(Alle gåvekort kjøpt i 2021 er gyldig til og med 31.12.2022)

1- Folgefonni Breførarlag (c) Pål Hermansen

Skreddarsydde pakkar

Saman med våre partnarar tilbyr me halve, heile eller fleire skreddarsydde dagar med aktiviteter, bevertning og overnatting for di gruppe.

 

(Gruppebestilling på førespurnad)

Pin It on Pinterest