Fjord- og landskapssafari
Fjordsafari og vandring i autentiske og verneverdige kulturlandskap
Fjord- og landskapssafari (2,5 timar)
Pris frå kr. 1.290,- inkl. mva per pers.
(Gruppebestilling eller booking på oppsette tider)
Fjordsafari med RIB frå Øystese via den gamle handelsstaden Herandsholmen, inn Fyksesund og med stopp i Botnen der me vandrar autentiske og verneverdige kulturlandskap.
Turen startar ved Hardangerfjord Hotel etter påkledning, og ein kort gjennomgang av sikkerheit.
Tvers over Hardangerfjorden går turen innom den gamle handelsstaden Herandsholmen før me set kursen mot Fyksesund. Denne sidefjorden er er ein eventyrleg vakker fjordarm midtvegs i Hardangerfjorden. Fyksesund er visuelt flott, og den indre delen av fjorden har svært bratte og høge fjellsider.
Me går i land i Botnagrenda inst i Fyksesundet — i dag eit fråflytta lokalsamfunn — ligg eitt av dei mest autentiske og verneverdige kulturlandskap i Hardanger, slik det var på slutten av 1800-tallet. Eit livskraftig lokalsamfunn var det her inne i den veglause grenda.
Retur via Kvamsøy og Tjuvaholmen tilbake til Øystese.
