Aktiviteter

I perioden November til Mars kan følgjande aktiviteter bestillast.

Sjå her for aktiviteter heile året

Basic fjordsafari (90 min)

Denne RIB-turen går via den gamle handelsstaden Herandsholmen på sørsida av Hardangerfjorden før den går inn mellom dei bratte fjellsidene i Fyksesund og til den veglause grenda Botnen innerst i sundet. Returen går Kvamsøy som er ei av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden

Pris frå kr. 990,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

Kort fjordsafari (45 min)

Dette er ei kort tur på Hardangerfjorden innom den gamle handelsstaden Herandsholmen og Kvamsøy som er éi av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden.

Pris frå kr. 590,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

Fjordsafari og guida topptur på ski (8-10 timar)

Kombinert RIB-tur og topptur på ski til ein av Hardanger sine flottaste toppar. 

Frå Oksen har ein storslått panoramautsikt over heile Hardanger og utsikt over fire fjordarmar. Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og til fjellområda på Voss og i Hardanger. Er det klarvær kan ein og sjå både isbreen Folgefonna og Hardangervidda med Hardangerjøkulen sin unike formasjon.

Pris frå kr. 2.090,- inkl. mva per pers.

Gruppebestilling eller oppsette påmeldingsturar (28/3, 5/4, 8/4 og 2/5)

RIB-transport

Ønskjer di gruppe fjordtransport med RIB?

Kontakt oss for tilbod!

Pin It on Pinterest