fjord and Salmon safari

Fjordsafari med unik innsikt i akvakultur ved Hardangerfjorden. Velkomen til ei oppleving utanom det vanlege i hjartet av Noreg.

Fjord and salmon safari  (2 timar og 45 min)

Pris frå kr. 1.390,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling eller booking på oppsette tider)

Sesong april til september.

På denne turen vil du få  oppleve vakkert naturlandskap, innsikt i gamle fjordsamfunn og lakseproduksjon, samt smake på laks produsert i Hardangerfjorden i kombinasjon med lokal sider/eplemost .

 

Etter omvisning i Hardanger Akvasenter sitt digitale visningssenter i Øystese går turen med RIB  inn i fjordarmen Fyksesund som er ein eventyrleg vakker fjordarm midtvegs i Hardangerfjorden. Fyksesund er visuelt flott, og den indre delen av fjorden har særs bratte og høge fjellsider. Det vert fleire stopp tett opptil land undervegs for å oppleve naturen og historia om livet langs fjorden. 

På veg ut igjen går me iland til Hardanger Akvasenter sitt visningsanlegg ved starten av fjordarmen. Her får me innsikt i lakseproduksjon i praksis og det vert servert deilege smaksprøvar av lokalprodusert laks I kombinasjon med lokal epledrkk.

Retur i RIB via Kvamsøy og Tjuvaholmen tilbake til Øystese.

Ved gruppebestilling kan turen utvides med servering av lunsj eller middag ute på oppdrettsanlegget. Hardanger Akvasenter har også skjenkebevilling ute på anlegget.

 

 © Kramsjø

Bestill denne turen

Pin It on Pinterest