1 time og 15 minutter
Lett
Turen frå Norheimsund tar ut på Hardangerfjorden der vi passer øya Kvamsøy før vi inn i fjordarmen Fyksesund - den smaleste delen av Hardangerfjorden.
Fyksesund er den einaste fjordarmen i Hardangerfjorden utan veg til den innste delen av fjorden, og dei siste 5 km av den 10,5 km lange fjorden går mellom bratte fjellsider til den grenda Botnen - eit geografisk avstengt lokalsamfunn med historisk vid kulturkontakt til omverda.
På denne adrenalinfylte RIB-turen vil guiden stoppe fleire gonger for å la deg nyte dette unike fjordlandskapet. Du vil få høyre interessante fakta om fjorden og mennesker som pleide å bu langs fjorden. Fyksesund er også eit flott stad med utallege fossefall som vi køyrer heilt opptil og du vil kjenne fossesprøyten på nært hald.Husk å ha kameraet lett tilgjengelig for å forevige denne uforglemmelige opplevelsen.
Bli med på ei RIB-tur og opplev Hardanger som aldri før. Denne turen vil gi deg minner for livet. Så kvifor ikkje ta med deg familien eller vennene dine, og opplev noko av Noregs vakraste natur saman?
Sesong faste avgangar: 15. januar – 30.november (elles privat tur på førespurnad)
Endring/avbestilling: Fri endring eller kansellering inntil 3 dagar før bestilt tur
Skulle du ønskje privat tur eller gruppetur, tilbyr vi også dette heile året på førespurnad - Les meir
Våre turar Fyksesund fjordsafari og Hardangerfjord RIB eventyr frå Øystese er tilnærma l ik denne turen og har avganger seinare på dagen i perioden mai–september.
Bruk varme klede i fleire lag saman med varme vintersko/vinterstøvler i vinterhalvåret (november–mars). I tillegg er varme og vindtette votter/hansker anbefalt.
Redningsvest, flytedrakt, beskyttelsesbriller og hansker.
Våre flytedrakter er i barnestørrelser 8-14 år og unisexstørrelser xs-xxl.