1 time
Lett
Fyksesund er den einaste fjordarmen i Hardangerfjorden uten veg til endes, og det er virkelig som å reise tilbake i tid når du utforsker denne eventyrlige fjorden.
Frå Øystese går RIB-turen først ut hovudfjorden før vi køyrer inn i Fyksesund. Inne i fjordarmen vert du omgjeve av 1000 meter høge bratte fjellsider der kapteinen vil stoppe fleire plassar for å la synet av dette unike fjordlandskapet synke inn. Du vil også få servert fascinerende fakta om fjorden og dei menneska som pleide å bu her.
Fyksesund har også utallege fossefall som vi køyrer heilt opptil der du vil kjenne fossesprøyten på nært hald. I enden av fjordarmen stopper vi utanfor det veglause og autentiske kulturlandskap i grenda Botnen - eit geografisk avstengt lokalsamfunn med historisk vid kulturkontakt til omverda.
Ein RIB-tur til Fyksesund er ein både magisk og interessant oppleving for alle aldrar - ei perle noko av det vakreste fjordlandskapet i Noreg. Undervegs vil du på ei trygg måte føle på kreftene i vår RIB (Rigid Inflatable Boat) som gir den vind i håret og adrenalin i blodet!
Sesong faste avgangar: mai – september (elles privat tur på førespurnad)
Endring/avbestilling: Fri endring eller kansellering inntil 3 dagar før bestilt tur
Redningsvest, flytedrakt, beskyttelsesbriller og hansker.
Våre flytedrakter er i barnestørrelser 8-14 år og unisexstørrelser xs-xxl.