Vinterturar på fjorden med Hardangerfjord Adventure

Me har påmeldingsturar heile vinteren. Sjekk oppsette turar under kalenderen på kvar aktivitet. Alle turar/billettar bestillast på førehand.

Om du ikkje finn noko tidspunkt eller tur som passer så ta kontakt så finn me ei løysing saman!

Basic fjordsafari (90 min)

Denne RIB-turen går via den gamle handelsstaden Herandsholmen på sørsida av Hardangerfjorden før den går inn mellom dei bratte fjellsidene i Fyksesund og til den veglause grenda Botnen innerst i sundet. Returen går Kvamsøy som er ei av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden

Pris frå kr. 949,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling eller booking på oppsette tider)

Kort fjordsafari (45 min)

Dette er ei kort tur på Hardangerfjorden innom den historiske bygda Herand og Kvamsøy som er éi av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden.

Pris frå kr. 590,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling eller booking på oppsette tider)

Spekkhoggarsafari med RIB (2.5 -3 timer)

Me tilbyr fjordsafari på Hardangerfjorden med RIB der me speider etter spekkhoggarar på kort varsel (0-2 dager). Normalt kjem desse dyra til Hardangerfjorden midtvinters og er her eit par månader (typisk februar til april). Dei kan bevege seg over store avstandar på få dagar, så me reiser berre ut når det er sikre observasjoner innan 1 time køyring frå vår base i Øystese (typisk heile Hardangerfjord-bassenget frå Rosendal og innover fjorden, men ikkje heilt inn til Odda).

Avreise frå vår base ved Hardangerfjord Hotel i Øystese.

 

Pris kr. 1.200,- inkl. mva per pers.

(Booking på oppsette tider på kort varsel etter invitasjon via e-post)

RIB (c) Anne Paulsen

RIB-transport på Hardangerfjorden

Ønskjer du rask og trygg transport over Hardangerfjorden, til eit utgangspunkt for fotturar eller berre ein gjømt plass for å nyte naturen? Me bringer og henter dykk der de måtte ønskje.

(Gruppebestilling på førespurnad)

Gi bort eit gåvekort på unike opplevingar

Er du på leiting etter den perfekte julegåva? Eit gåvekort på ei oppleving med Hardangerfjord Adventure byr på eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden, og er ei unik gåve som passer til alle!

Eit gåvekort på opplevingar gir minner som varar! Nyt den flotte naturen i Hardanger.

Verdiar gåvekort kr. 250,- / 500,- og 1.000,-

(Alle gåvekort kjøpt i 2021 er gyldig til og med 31.12.2022)

Bondhusvatnet (c) Anne Paulsen

Fjordsafari og tur til Bondhusvatnet (5-6 timar)

Kombinert RIB-tur til Maurangsfjorden og fottur til vakre Bondhusvatnet. Fjordsafari frå Øystese til Sundal der me går frå kaien opp den gamle “Isvegen” til Bondhusvatnet.

 

Pris frå kr. 1290,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling på førespurnad)

Vinter fjordsafari med RIB og bålkos (2 timar)

RIB-tur frå Øystese inn mellom dei bratte fjellsidene i fjordarmen Fyksesund. Inst i Fyksesundet ligg den vegaluse grenda Botnen der me går i land. Her varmer me oss på bål og deler historiar frå dette gamle samfunnet. Botnen er eitt av dei mest autentiske og verneverdige kulturlandskapa i Hardanger. 

Pris frå kr. 1.290,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling på førespurnad)

1- Folgefonni Breførarlag (c) Pål Hermansen

Skreddarsydde pakkar

Saman med våre partnarar tilbyr me halve, heile eller fleire skreddarsydde dagar med aktiviteter, bevertning og overnatting for di gruppe.

 

(Gruppebestilling på førespurnad)

Pin It on Pinterest