Vinter Fjordsafari og bålkos

RIB-tur i vinterkledd fjordlandskap og bålkos på stranden i ein veglaus grend.

Vinter fjordsafari og bålkos (2 timar)

Pris frå kr. 1.290,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling eller booking på oppsette tider)

Fjordsafari med RIB frå Øystese inn i den vinterkledde fjordarmen Fyksesund der me går i land i Botnen med autentiske og verneverdige kulturlandskap.

Turen startar ved Hardangerfjord Hotel etter påkledning, og ein kort gjennomgang av sikkerheit.

På veg innover den 11 km lange fjordarmen Fyksesund åpenbarer det seg eit eventyrleg og vinterkledd landskap. Fyksesund er visuelt flott, og den indre delen av fjorden er veglaus med svært bratte og høge fjellsider.

Me går i land i Botnagrenda inst i Fyksesundet — i dag eit fråflytta lokalsamfunn — ligg eitt av dei mest autentiske og verneverdige kulturlandskap i Hardanger, slik det var på slutten av 1800-tallet. Eit livskraftig lokalsamfunn var det her inne i den veglause grenda. Me fyrer opp eit bål i strandkanten og fortel historiar frå denne grenda. 

Retur via Kvamsøy  tilbake til Øystese.

@Steinstø fruktgard

Bestill denne turen

Pin It on Pinterest