Fjordsafari og guida topptur på ski

Kombinert RIB-tur og topptur på ski til ein av Hardanger sine flottaste toppar. 

Fjordsafari og guida topptur på ski (8-10 timar)

Pris frå kr. 2.090,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling eller oppsette påmeldingsturar)

Sesong frå mars til mai.

Frå Oksen har ein storslått panoramautsikt over heile Hardanger og utsikt over fire fjordarmar. Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og til fjellområda på Voss og i Hardanger. Er det klarvær kan ein og sjå både isbreen Folgefonna og Hardangervidda med Hardangerjøkulen sin unike formasjon.

Turen startar med RIB frå ein av våre hamnar i Kvam eller Jondal (påmeldingsturar går frå vår base i Øystese). Me køyrer innover Hardangerfjorden til Tjoflot ved foten av Oksen der me vert møtt av turguiden som køyrer oss med bil til stistart.

Fyrste del av turen frå Tjoflot går med ski på sekken til fots til Vindhovden på 559moh, her ligg det ei gammal seter med utsikt over fjorden. Frå Vindhovden opnar skogen seg, og du får ei fantastisk utsikt over Hardangerfjorden. Så går det jevnt oppover eit stykke før eit bratt parti tek oss nokon hundre høgdemetre lenger opp og vidare mot Oksen (1241moh).

Frå Oksen får ein nedkøyringa i ein flanke som er vest-nordvest vendt, og den får difor ikkje sol før på ettermiddagen. Ein kan og skri ned søraust 600 høgdemeter mot Oksatjørni, for så å ta på fellene og gå opp att til toppen.

Skitur frå fjord til fjell på sitt aller beste!

Tidsbruk: 8-10 timar

Vanskelegheitsgrad: medels

Toppturguide: Hardanger fjellguide

 

Krav til utstyr:

  • Randonèe (toppturski/telemarkski)
  • Hjelm
  • Skredsøker, spade og søkestang

Påmeldingsturar 2022:

  • turprogram kjem i november 2021

Ta kontakt for gruppebestilling utanom oppsette turar! Pris for påmeldingsturar er kr. 2.090,- per person, mens for gruppeturar vert da gitt samla gruppepris.

Turen kan verta avlyst/utsett med mindre enn 5 påmeldte eller ved uforsvarleg dårleg vèr. Det ver gitt full refusjon ved slik avlysning.

MANGLAR DU NOKO UTSTYR? Me leiger ut utstyr, så ta kontakt så finn me ut av det!

HOTELLHELG I HARDANGER? Me kan tilby spesialpris på overnatting heile helga på Hardangerfjord Hotel i Øystese som inkludererer middag når du er ferdig med toppturen! Ta kontakt på post@hardangerfjord-adventure.no for meir info. 

@Steinstø fruktgard

Pin It on Pinterest