Fjordsafari og guida topptur på ski – Gygrastolen

Kombinert RIB-tur og topptur på ski til ein av Hardangerfjorden sine flottaste toppar.

Fjordsafari og guida topptur på ski – Gygrastolen (8-10 timar)

Pris frå kr. 2.290,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling eller oppsette påmeldingsturar)

Sesong frå mars til mai.

Frå Gygrastolen har ein storslått utsikt panoramautsikt mot Folgefonna, Hardangerfjorden og Rosendalsfjella. Gygrastolen er en av de mest kjente toppene blant Rosendalsfjellene. Den ligger noe lenger nord for den største konsentrasjonen av alpine fjell rundt Rosendal og har sin fot ved Hardangerfjorden og den lille bygda Ænes.

Påmeldingsturane startar med RIB frå vår hamn ved Hardangerfjord Hotel i Øystese. For bestillingar utanom desse kan me hente på dei fleste hotell i Hardanger. Me køyrer utover Hardangerfjorden til Ænes ved foten av Gygrastolen der me vert møtt av turguiden.

Fyrste del av turen frå Ænes går med ski på sekken til fots der følgjer anleggsvegen opp frå Ænes kyrkje og sti til Gygrastølvatnet. Frå Gygrastølvatnet går me den tryggaste vegen opp sjølve ryggen. Stigninga er jamn og fin mot “skitoppen” på 1308 moh. Anmarsj til fots varierer etter snøtilhøva!

Nedkøyringa på ski ned frå Gygrastolen er jamn og nydeleg. Tidleg i sesongen får man tøff skogskøyring ned mot Ænes, mena mot slutten av sesongen måman ta beina fatt dei fyrste/siste høgdemetrane.

Skitur frå fjord til fjell på sitt aller beste!

Tidsbruk: 8-10 timar

Vanskelegheitsgrad: medels

Toppturguide: Rosendal Fjellsport

 

Krav til utstyr:

  • Randonèe (toppturski/telemarkski)
  • Hjelm
  • Skredsøker, spade og søkestang

Påmeldingsturar 2021:

  • Sundag 18. april – Ledige plassar
  • Laurdag 1. mai – Ledige plassar

Ta kontakt for gruppebestilling utanom oppsette turar! Pris for påmeldingsturar er kr. 2.290,- per person, mens for gruppeturar vert da gitt samla gruppepris. 

Turen kan verta avlyst/utsett med mindre enn 5 påmeldte eller ved uforsvarleg dårleg vèr. Det ver gitt full refusjon ved slik avlysning.

MANGLAR DU NOKO UTSTYR? Me leiger ut utstyr, så ta kontakt så finn me ut av det!

HOTELLHELG I HARDANGER? Me kan tilby spesialpris på overnatting heile helga på Hardangerfjord Hotel i Øystese som inkludererer middag når du er ferdig med toppturen! Ta kontakt på post@hardangerfjord-adventure.no for meir info.

@Steinstø fruktgard

Pin It on Pinterest