Fjord- og fruktsafari

RIB-tur og vandring i frukthagar langs fjorden

Fjord- og fruktsafari (2,5 timar)

Pris frå kr. 1.290,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling på minimum 8 personar)

RIB-tur frå Norheimsund via den gamle handelsstaden Herandsholmen, til Steinstø fruktgard der me får vandra gjennom frukthagen og smaka på eigenproduserte produkt.

Turen startar ved Thon Hotel Sandven etter påkledning, og ein kort gjennomgang av sikkerheit.

Tvers over Hardangerfjorden går turen innom den gamle handelsstaden Herandsholmen før me set kursen mot Steinstø ved Fyksesund. Ved Steinstø stoppar me og vitjar den idylliske Steinstø Fruktgard i fredelege omgjevnader ved den vakre Hardangerfjorden. Her får me vandra gjennom frukthagen og smaka på eigenproduserte produkt frå garden.

Vidare går turen inn i Fyksesund som er ein eventyrleg vakker fjordarm midtvegs i Hardangerfjorden. Fyksesund er visuelt flott, og den indre delen av fjorden har svært bratte og høge fjellsider. Innst i Fyksesund ligg dei veglause bygdane Botnen og Flatabø. Det vert fleire stopp tett opptil land undervegs for å oppleve naturen og livet langs fjorden. Det gjeld å ha fotoapparat lett tilgjengeleg.

Retur via Kvamsøy og Tjuvaholmen tilbake til Norheimsund.

@Steinstø fruktgard

Send førespurnad om denne turen

Pin It on Pinterest