Fjord- og fjellsafari 

Kombinert RIB-tur og fjelltur til nokre av Hardanger sine flotteste toppar. 

Fjord- og fjellsafari (5-8 timar)

Pris frå kr. 1.590,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

Sesong frå juni til oktober.

Me arrangerer turar til Oksen i Ullensvang, Samlen i Herand og Kiellandbu i Fyksesund. Flotte toppturar som gir fantastisk utsyn over Hardangerfjorden!

Oksenhalvøya i Ullensvang stikk ut i Hardangerfjorden frå nordsida. På toppen av Oksen har ein storslått utsikt 360 grader til nesten heile Hardanger, til både fjord og fjell: Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger. Me går opp frå Tjoflot og sjølve fjelltureren tek om lag 6 timar.

Kiellandbu ligg flott til på Løkjedalsnuten med imponerende utsikt mot Botnen, Fyksesund og mot Folgefonna på andre sida av Hardangerfjorden. Me går frå Botnen i Fyksesund på t-merkede stier og turen tek om lag 5 timar.

Samlen er ein drøye 600 m topp som stikk ut i Hardangerfjorden nord for Herand. Me køyrer frå kaien i Herand med bil til stistart på baksida av fjellet. På toppen kan du nyte den nydeleg  utsikten over Hardangerdfjorden. Turen tek omlag 2,5 time.

Ved alle desse turane vert me transportert til/frå ein av våre hamner med RIB.

 

@Steinstø fruktgard

Send førespurnad om denne turen

Pin It on Pinterest