Fjord- og bresafari

RIB-tur på Hardangefjorden og brevandring på blåisen

Fjord- og bresafari (8 timar)

Pris frå kr. 2690 inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling på minimum 8 personar)

Turen kan ha nivådelt brevandring ut i frå fysiske føresetnader eller eige ynskje. Ta kontakt!

 

Saman med Folgefonni Breførarlag arrangerer me bresafari på Folgefonna som er Noregs tredje største isbre og ligg på Folgefonnhalvøya i Hardanger.

Turen starter med RIB-båt frå Thon Hotel Sandven i Norheimsund og går over Hardangerfjorden til Jondal der ein vert transportert med minibuss  opp til start ved Juklavassbreen.

Brevandringa på blåisen kan ha fleire ferdigheitsnivå,  alt frå lett brevandring til utfordrande isklatring. Dette betyr at brevandring på blåisen passar for alle mellom 7 og 80 år med normal helsetilstand. Sjølve brevandringa tek 5–6 timar inkludert matpakkelunsj.

Etter brevandringa vert ein transportert med minibuss ned igjen til Jondal der RIB-båten ventar for retur til Thon Hotel Sandven i Norheimsund.

@Folgefonni breførarlag

Send førespurnad om denne turen

Pin It on Pinterest