Overnatting

Gode overnattingsmoglegheiter for di gruppe i Kvam og Jondal.

Thon Hotel Sandven

Thon Hotel Sandven er eit er ærverdig hotell omgitt av historisk sus. Hotellet frå 1857 ligg vakkert til ved fjordkanten i Norheimsund sentrum, vel ein time med bil frå Bergen.

Thon Hotel Sandven er tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa av Norsk Kulturarv og utgjer saman med dei tilstøytande bygga “Sjøhuset” og “Tinghuset” eit historisk miljø.

Hotellet har 104 rom, 31 av romma er i den opprinnelege historiske hotellbygninga og dei resterande i nybygg oppført i 2012 og 2013. 25 av romma er familierom. 

Hardangerfjord Hotel

Hardangerfjord Hotel i Øystese opnar etter utbygging og totalrenovering 02.03.2020.

Hotellet vil stå fram som nytt og moderne med innbydande bar, restaurant, gode konferansefasilitetar og 113 flotte hotellrom. Som gjest har du fri tilgang til det spanande nye Hardangerbadet som ligg vegg i vegg med hotellet og ein flott hage som strekkjer seg heilt ned til fjordkanten.

Hardangerfjord Hotel skal fokusera på kortreist mat og tilbyr gjestane Smaken av Hardanger.

Hardingasete

Hardingasete – ein invitasjon til fornying, aktivitet og nyting for kropp og sjel – godt gøymd i det storslegne Hardanger. Hardingasete på Ljones er  medlem av De historiske hotel.

Du bur i flotte historiske hytter eller stabbur med atmosfæren som gjenspeglast i unike fasilitetar i eit miljø som skapar ro og ettertanke. Dette i ei ramme der fjorden og naturen er viktige element. 

 

Hardanger House

Hardanger House i Jondal er eit familieeigd designhotell som er omkransa av vakre Hardangerfjorden, Folgefonna og majestetiske vestlandsfjell! Sjølv om hotellet er heilt nytt, er røta deira gamle.

På Hardanger House finn du 9 rom, med 3 forskjellige stemningar. Alle romma har fantastisk utsikt utover Hardangerfjorden. 

Hardanger House har fokus på lokal mat og drikke, samt eit bredt og internasjonalt orientert utval av vin. Med ypperleg mat og eit utsøkt vinutval, får du det perfekte utgangspunkt for eit godt opphald.

Kramsjø B&B

Med si idylliske plassering nede ved Hardangerfjorden i Herand, er Kramsjø B&B eit godt utgangspunkt for å utforska alt det vakre og spanande Hardanger har å tilby. Enten det er turar på fjorden, Folgefonna, Trolltunga eller fine skogs- og fjellturar i nærområdet.

Kramsjø har sengeplassar i historiske bygg frå starten av 1800-talet, samt blant dei beste italienske rettane i regionen frå restauranten deira «Meieriet». Fellesnemnaren er høg kvalitet og god service.

Botnadraumen

Inst i ein fjord, der ein må gå over fjell eller ta båt, ligg Botnen og glitrar. Mykje historie og ein vakker natur. Her finn ein roen medan elvebrusen byssar deg i søvn…

Botnadraumen er ei moderne arkitektteikna hytte på 118 kvadratmeter grunnflate med høg standard. Hytta har 14 senger, to bad, stove, kjøkken og terrasse med tak.

Hytta er omgitt av vakker vestlandsnatur, som kan opplevast både ute og inne, og høver godt for utleige til kurs/seminar og ferie på ein stad der naturen er med og gjev positiv energi og ny inspirasjon!

Anna overnatting

Det er over 20 kommersielle overnattingsplassar i Kvam og Jondal i alt frå hotell til hytter/leilegheiter, B&B, gjestgiveriar og campingplassar.

Pin It on Pinterest