@ Visit Hardangerfjord

Hardangerfjord Adventure

Opplev perler i Hardanger gjennom rask transport og personleg oppleving av ulike destinasjonar i midtre og ytre deler av Hardangerfjorden.

Om oss

Hardangerfjord Adventure tilbyr eit unikt innsyn i fjordarmar, holmelandskap, isbrear og livet i og langs fjorden. Me tilbyr turar for grupper på førespurnad.

Me nyttar såkalla RIB-båtar som transportmiddel til og frå ulike destinasjonar i midtre og ytre deler av Hardangerfjorden. For å oppleve perler langs fjorden tilbyr me fjordsafari til ulike fjordarmar og holmelandskap.

Hardangerfjord Adventure samarbeider med ulike reiselivsverksemder i regionen der me tilbyr unike pakkeløysingar for å oppleve isbrear, fruktdyrking, gardslivet, kultur, fjell og livet i fjorden.

Turane våre har i utgangspunktet avreise frå hotella i Kvam og Jondal, men me kan tilby turar frå kor som helst i fjorden. Ta kontakt med oss for å ei unik oppleving for di gruppe!

 

Hardangerfjord Adventure AS vart stifta hausten 2018 av i hovudsak eigarar frå reiselivet i kommunane Jondal og Kvam i Hardanger. Her kan nemnast aktørane bak Kramsjø B&B og Meieriet Restaurant (Herand), Hardanger House (Jondal), Hardingasete (Ljones), Thon Hotel Sandven (Norheimsund), Hardangerfjord Hotel (Øystese), Botnadraumen (Botnen i Fyksesund) og Hardanger Akvasenter (Steinstø). Me kan tilby spesialsydde pakkar i samarbeid med alle desse aktørane!

@Sverre Hjørnevik / Visit Hardangerfjord

Praktisk informasjon

Tryggleik

Hardanger Adventure opererer i samsvar til vilkåra frå Sjøfartsdirektoratet for kommersiell bruk av båtar kortare enn 15m med 12pax eller mindre.

Me har system for sikkerheitsstyring som skildrar verksemda til fartøyet, operasjonsområdet, risikofaktorar, rutinar ved uønskte hendingar, tekniske spesifikasjonar og rutinar for vedlikehald.

Alle våre førarar har minst fritidsskipparsertifikat, kurs i passasjer- og krisehandtering, helseerklæring for arbeidstakarar på skip, grunnleggjande sikkerheitsopplæring og VHF-sertifikat.

Les meir
Før avgang går me alltid igjennom sikkerheitsinstruks og viktig informasjon slik at alle får en behageleg og trygg tur, og ikkje minst ei oppleving for alle aldrar.

Aldersgrense for å vera passasjer på våre båtar er 8 år der born som er 14 år eller yngre må vera i følgje med foreldre eller verge.

Når du bestiller ein tur med Hardanger Adventure online, godtar du vilkåra i erklæringa nedanfor når du stadfester bestillinga. Bestiller du på vegne av ei gruppe, må alle passasjerar signere denne erklæringa før avgang.

Av sikkerheitsmessige årsaker tek me ikkje med oss personar som er synleg rusa.

Med omsyn til lovverk og sikkerheit køyrer me aldri turar i mørke.

RIB-båt og passasjerar er forsikra hos Söderberg & Partners.

Båten

Båten me køyrer er ei Gemini RIB. Den er 35 fot og har to Yamaha utanbordsmotorar på 300 hk kvar. Båten er konstruert for å tåla svært grov sjø og har ekstremt gode sjøeigenskapar. Den er utstyrt med komfortable og sikre seter, noko som gjer båtturen til ei behageleg oppleving. Båten er heilt open, slik at ein får ei unik naturoppleving tett på sjøen.

Me har plass til 12 passasjerar. For større grupper har me moglegheit til å låne fleire båtar.

Utstyr

Me tilrår å kle seg i bukse og langerma genser med mindre det er veldig varmt. Du må kle deg etter vêr og sesong. Om våren, hausten og vinteren tilrår me ull på kalde dagar. Temperaturen er cirka 10 grader lågare i fart på fjorden enn i lufta på land.

Sikkerheit er den største prioriteten vår på alle turar. På alle turar med RIB vert du utstyrt med flytedrakt og redningsvest. Fyrstehjelpsutstyr er alltid tilgjengeleg.

Les meir
Ta gjerne med deg fotoutstyr på turane våre. Ta med beskyttelse til utstyret dersom det regnar.

I båten har kvar einskilde passasjer oppbevaringsplass for ein mindre sekk under setet sitt.

Området

Våre faste turar går i utgangpunktet ut på Hardangerfjorden frå Thon Hotel Sandven i Norheimsund, Hardanger House i Jondal, Hardingasete på Ljones og Hardangerfjord Hotel i Øystese. Turane går i delfjordane Samlafjorden, Hissfjorden og Sildafjorden, og innom sidefjordane Fyksesund og Maurangerfjorden. Me er svært fleksible når det gjeld hentestad, kontakt oss gjerne for nærmare avtale.

Når det gjeld skreddarsydde turar og andre oppdrag held me oss i utgangspunktet mellom Rosendal i sør og Utne/Kinsarvik/Bu i aust. Ta kontakt for nærmare spørsmål.

Pin It on Pinterest