Dagspakker i Hardanger

Med berre litt over 1 time frå Bergen med buss eller bil kjem du til vakre Hardanger. Her smeltar stolte tradisjonar saman med noko av det vakraste Noreg har å by på av natur.

No har fleire aktørar gått saman og laga ferdigpakka dagsprogram få andre kan skilta med. Det betyr at du får sjå, smaka og oppleva det beste frå fleire verdenar på éin og same dag, og det på ein svært enkel måte vd kjøp av ei billett!

Dagstur til fjordbygdene Norheimsund og Øystese (6 timer)

Dette er ein dagstur med fokus på lokal mat og drikke, kulturhistorie, fossar og sjølve Hardangerfjorden. På turen vil du smake på sider hjå den prisvinnande Spildegarden, få omvising på Hardanger Akvasenter og Hardanger Fartøyvernsenter, RIB-tur på Hardangerfjorden og gå under den spektakulære Steinsdalsfossen.  

Transport til og frå dei ulike aktivitetane og attraksjonane er inklduert. 

Pris kr. 2.490,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling eller booking på oppsette tider)

Skreddarsydde turar

Saman med våre partnarar tilbyr me halve, heile eller fleire skreddarsydde dagar med aktiviteter, bevertning og overnatting for di gruppe.

(Gruppebestilling på førespurnad)

Pin It on Pinterest