Bevertning

Gode lunsj- og/eller middagsrestauranter for di gruppe i Kvam og Jondal.

Thon Hotel Sandven
Thon Hotel Sandven er eit er ærverdig hotell omgitt av historisk sus. Hotellet frå 1857 ligg vakkert til ved fjordkanten i Norheimsund sentrum, vel ein time med bil frå Bergen.

Thon Hotel Sandven er tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa av Norsk Kulturarv og utgjer saman med dei tilstøytande bygga “Sjøhuset” og “Tinghuset” eit historisk miljø.

Lunsj- og middagsservering kvar dag. Velsmakande rettar i historiske omgjevnader.

Hardangerfjord Hotel by Fjordtind
Hardangerfjord Hotel i Øystese opnar etter utbygging og totalrenovering 02.03.2020.

Hotellet vil stå fram som nytt og moderne med innbydande restaurant med lunsj- og middagsservering kvar dag.

Hardangerfjord Hotel skal fokusera på kortreist mat og tilbyr gjestane Smaken av Hardanger.

Restaurant Meieriet
Med si idylliske plassering nede ved Hardangerfjorden i Herand tilbyr Meieriet restaurant dei beste italienske rettane i regionen.

Meieriet er ein triveleg restaurant der den kulturhistoriske atmosfæra bygda byr på er godt ivareteken.

Ope i perioden juni-august. Større gruppar må bestille på førehand!

Botnadraumen

Inst i ein fjord, der ein må gå over fjell eller ta båt, ligg Botnen og glitrar. Mykje historie og ein vakker natur. Her finn ein roen medan elvebrusen byssar deg i søvn…

Botnadraumen er ei moderne arkitektteikna hytte på 118 kvadratmeter grunnflate med høg standard. Hytta tilbyr servering til grupper ved bestilling på førehand enten innandørs eller på deira terrasse med tak.

Hytta er omgitt av vakker vestlandsnatur, som kan opplevast både ute og inne, og høver godt for til kurs/seminar eller samling av vener/familie på ein stad der naturen er med og gjev positiv energi og ny inspirasjon!

Pin It on Pinterest