Guida turar til fots i Hardanger

Hardanger er eit eldorado når det kjem til fotturar. I regionen finn du fleire av dei mest populære i heile Noreg, men her fins også mykje ukjende og fantastiske turmål.

Hardangerfjord Adventure tilbyr guida turar på førespurnad til lokale perler, seterstøler, utsiktspunkt og definerte fjelltoppar i området rundt Norheimsund, Øystese, Strandebarm og Jondal. I dette området får vi i stor grad gå i fred og ro med lokalkjende guider i nydeleg fjordlandskap.

Vi tilbyr private turar med eigen guide og skreddersyr gjerne for at turen skal bli akkurat slik du ønsker deg!

Lette turar (2-3 timer)

Dette er enkle turar som eignar seg godt til både familier, nybyrjarar og mindre gruppar. Turane går enten i stor grad på  grusveg og/eller sti til eit vatn utan særleg stigning, eller kortare turar med stigning opp til eit lett tilgjengelig utsiktspunkt med flott utsikt.

Fitjadalsvatnet, Krokavatn, Skårsete og Vikedalsnebbet kan nemnast som fleire av guidane sine favorittar.

Pris kr. 6.000,- per guide (rabatt ved fleire guidar)

Gruppebestilling ved førespurnad (Maks 10 personar per guide)

Ta kontakt så finn vi ein tur og tidspunkt som passer dykk!

Middels turar (3-5 timer)

Dette er fjellturar som alle gir ein suveren utsikt ut over nydeleg fjordlandskap eller dalfører! Turane eignar seg godt til dei som er i normal fysisk form og mindre gruppar. Vi starter rundt 250-400 moh. og beveger oss på sti opp i høgda for å få den storslåtte utsikten på fjelltoppar på 900-1100 moh.

På desse turane går vi blant anna til dei lokale favorittane Torefjell, Tørvikanuten og Klyvenuten.

Pris kr. 9.000,- per guide (rabatt ved fleire guidar)

Gruppebestilling ved førespurnad (Maks 10 personar per guide)

Ta kontakt så finn vi ein tur og tidspunkt som passer dykk!

Krevjande turar (5-10 timar)

Utfordrane og lenger fjellturar som enten gir panoramutsikt over fjord/fjell eller spesiell utsikt over fjordarmer og dalfører! Turane eignar seg godt til dei som er i god fysisk form og mindre gruppar. Dette er lenger turar på 15-25 km der vi beveger oss opp til toppar på 800-1400 moh.

Desse turane vert skreddarsydde til kvar gruppe, men ofte kjem ein av favorittane Vikanuten, Kiellandbu, Fuglafjell eller Manfjell på turplanen.

Pris kr. 12.000,- per guide (rabatt ved fleire guidar)

Gruppebestilling ved førespurnad (Maks 10 personar per guide)

Ta kontakt så finn vi ein tur og tidspunkt som passer dykk!

Skreddarsydde turar

Saman med våre partnarar tilbyr me halve, heile eller fleire skreddarsydde dagar med aktiviteter, bevertning og overnatting for di gruppe.

(Gruppebestilling på førespurnad)

Pin It on Pinterest