Aktiviteter i hardanger

Heile året kan du booke aktiviteter for di gruppe i Hardanger. Sjå sesong og tilgjengeligheit under kvar aktivitet.

Basic fjordsafari (90 min)

Denne RIB-turen går via den gamle handelsstaden Herandsholmen på sørsida av Hardangerfjorden før den går inn mellom dei bratte fjellsidene i Fyksesund og til den veglause grenda Botnen innerst i sundet. Returen går Kvamsøy som er ei av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden.

Pris frå kr. 990,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

Kort fjordsafari (45 min)

Dette er ei kort tur på Hardangerfjorden innom den gamle handelsstaden Herandsholmen og Kvamsøy som er éi av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden.

Pris frå kr. 590,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

Juklavass10(c)Eksponert Media

Fjord- og bresafari (8 timar)
Saman med Folgefonni Breførarlag arrangerer me bresafari på Folgefonna som er Noregs tredje største isbre og ligg på Folgefonnhalvøya i Hardanger. Transport over Hardangerfjorden med RIB.

 

Pris frå kr. 2.690 inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling maks 12 personar)

© Steinstø fruktgard

Fjord- og fruktsafari (2,5 timar)
RIB-tur frå Norheimsund via den gamle handelsstaden Herandsholmen, til Steinstø fruktgard der me får vandra gjennom frukthagen og smaka på eigenproduserte produkt. Vidare går turen inn mellom dei bratte fjellsidene i Fyksesundet.

Pris frå kr. 1.290,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

Fjord- og kultursafari (3 timar)
RIB-tur frå Norheimsund via den gamle handelsstaden Herandsholmen til den kulturhistoriske bygda Herand der me vitjar Herand Kulturhistoriske Senter, landhandelen Krambua og et på Meieriet restaurant.

Pris frå kr. 1.490,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

Fjord- og fjellsafari (5-8 timar)

Kombinert RIB-tur og fjelltur til nokre av Hardanger sine flotteste toppturar. 

Me arrangerer turar til Oksen i Ullensvang, Samlen i Jondal og Kiellandbu i Kvam. Flotte toppturar som gir fantastisk utsyn over Hardangerfjorden!

Pris frå kr. 1.390,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

Fjord- og eventyrsafari (6 timar)

Fjordsafri med RIB kombinert med vandretur blant klyngetuna på Rogdo og Aga i Sørfjorden.

Vandring gjennom skoger, tjern og Norges eldste gråsteinsur. Servering av heimelaga  tradisjonsmat og drikke frå gardene på turen.

 

Pris frå kr. 1.990,- inkl. mva per pers.

(Gruppebestilling)

1- Folgefonni Breførarlag (c) Pål Hermansen

Skreddarsydde pakkar

Saman med våre partnarar tilbyr me halve, heile eller fleire skreddarsydde dagar med aktiviteter, bevertning og overnatting for di gruppe.

RIB-transport

Ønskjer de fjordtransport med RIB?

Kontakt oss for tilbod!

Pin It on Pinterest